Toppturar i Sunnmörsalpane

399 kr

I lager

Artikelnr: 9788293090380 Kategorier: , Taggar: ,

Beskrivning på Norska:

”Ny skiførar til fjella kring Hjørundfjorden, Austefjorden og Storfjorden. Det spesielle med Sunnmøre er det store mangfaldet – breidda – spennvidda av ulike typar naturopplevingar ein kan få innanfor korte reiseavstandar. Frå dei sunnmørske fjelltoppane ser ein utover eit fantastisk alpelandskap og rett ned i djupe fjordar, og ute ved kystlinja kan ein sjå kveldssola gå ned i Atlanterhavet. I Sunnmørsalpane sin fasinerande natur finn ein sitt eige, høgst personlege eventyr, utan å måtte stå i kø eller betale mykje pengar for opplevingar i naturen. Hovudtanken med denne boka er å vise det store mangfaldet av opplevingar ein kan få som skiløpar i regionen. For at du skal få lettare tilgang til alt dette, gir vi deg her grundige ruteskildringar og ruteskisser frå det vi meiner er dei 80 beste toppturane i Sunnmørsalpane innanfor ulike kategoriar: korte og lette, lange og krevjande og bratte og ekstreme. Drøym deg vekk med boka ein regnvêrsdag – og realiser draumane dine ein skredtrygg solskinsdag!”

Märke

Fri Flyt

Recensioner


Det finns inga produktrecensioner än.

Bli först med att recensera “Toppturar i Sunnmörsalpane”